Søk

Google 


 
Lenkesamlinger Ordbøker Film og video Kart-tenester
     
FEIDE - Eitt brukarnamn og eitt passord!

Nytt frå Sophusportalen

Nordfjordkonferansen 6.-7. oktober 2014 for barnehagetilsette

13.08.14
Velkomne til kursdagar for barnehagetilsette i Nordfjord 6.-7.oktober på Hotell Alexandra. Slagordet for konferansen i år er : 1, 2, 3 - er du som vaksen med?. Fokuset er den menneskelege ressursen som ein av dei viktigaste enkeltfaktorane for å jobbe med medverknad, sikre vennskap, trygghet og lærande barnehagar . Deltakaravgift maks 1400 kr for begge dagar, inkl overnatting og maks 800 for dagpakke Endeleg pris vert fastsett etter at kursdagane er ferdige. Vi har kompetansemidlar som vil bli nytta og tal deltakarar vil difor bli avgjerande for stk pris. Endeleg program vert sendt ut til barnehagane så snart det er klart. Frist for påmelding er satt til 30.8.2014. Påmelding her: https://response.questback.com/strynkommune/nordfjordkonferansen2014/
Les meir »

Nordfjordkursa 2014

23.04.14
Kursopplegget for Nordfjordkursa i august 2014 er no klart. For påmelding til kurs trykk her (Påmeldingsfrist 10. mai) For meir informasjon om kursa last ned kursdokumentasjon her.
Les meir »

Velkomen til LUIN 2014 - Leiarutvikling i Nordfjord

03.01.14
Tid: onsdag 12. og torsdag 13. februar 2014Stad: Hotel Alexandra Loen Sjå programmet her Prisar her Påmelding her Tema for LUIN-samlinga 2014 er : Korleis skape endring i skule og barnehage. - Kva gjer vi for å gjennomføre sentrale og kommunale styringssignal slik at tiltak kjem eleven / barnet til nytte? Målet for konferansen er å få belyst dette temaet med bakgrunn i forsking og å gje praktiske døme på korleis skular og barnehagar arbeider for å skape endring i sine organisasjonar. Gjennom refleksjon og drøfting i nettverks- og kommunegrupper inviterer vi til tilbakemeldingar på det vidare arbeidet med å utvikle lærande organisasjonar i Nordfjordregionen.
Les meir »

Spørjeundersøking - IKT-strategi for skule og barnehage

13.11.13
Oppvekstleiarane i regionen har bestemt at det skal utformast ny IKT-plan for skule og barnehage. Bakgrunnen for å sette i gang dette arbeidet er nasjonale føringar for IKT-strategi oppvekst.
Les meir »